Kort fortalt

Flyttar frå Raufoss

Hexagon-bedrift blir tysk-

03.04.2024

Agility Fuel Solutions Norway legg ned drifta på Raufoss og flyttar verksemda til Tyskland.

Selskapet har 25 tilsette, skriv Oppland Arbeiderblad.

Agility Fuel Solutions Norway er eit datterselskap av Hexagon Composites sitt amerikanske datterselskap Hexagon Agility.

Agility Fuel Solutions Norway laga system for bruk av natur- eller biogass som drivstoff i bussar. Drivstofftankane vart frakta frå Hexagon Agilty si verksemd som alt er i Tyskland, for å bli sett saman til ein drivstoffsystem på Raufoss.

Med nedlegginga blir heile produksjonen gjort i Tyskland.

Publisert: 03.04.2024 07:45

Sist oppdatert: 03.04.2024 07:45