Folk hamstrar jodtablettar
Apotek-kjede med stort salsvekst.
Salet av jodtablettar har den siste veka skote i vêret hos Apotek-kjeda Apotek 1.
Apotek 1 har den siste veka selt neste like mange jodtablettar som dei vanlegvis gjer på eit halvt år.
– Vi ser ei dobling i salet samanlikna med fjoråret. Det er likevel snakk om svært små kvantum, men det seier noko om ein trend, seier pressesjef Silje Ensrud i Apotek 1 til NTB.
Somme apotek kan vere tomme, men dette er eit produkt som apoteka har lite av på lager fordi det normalt blir selt svært lite av det, forklarer Ensrud.
Jodtablettane førebyggjer effekten av radioaktivt nedfall etter ein atomeksplosjon eller atomulykke og skal berre takast etter tilråding frå styresmaktene. Kriseutvalet for atomberedskap tilrår også at alle kommunar har jodtablettar tilgjengelege for dei mest sårbare innbyggjarane, det vil seie barn og ungdom, gravide og ammande.
Publisert: 25.02.2022 09:54
Sist oppdatert: 25.02.2022 09:55