Fora Form til London
Skal prøve å auke møbelsalet til britane.
Ørsta-bedrifta Fora Form er ei av ni norske møbelbedrifter som skal vise seg fram på utstillinga InsideNorway i London.
Utstillinga skal visast i den norske ambassaderesidensen i London, og der deltar Volver, Fora Form, Heymat, Eikund, Northern, Figgjo, Lundhs Real Stone og Hadeland Glassverk.
– Vi har med åtte svært sterke representantar for den norske møbelbransjen, og trur disse kan fenge eit britisk designpublikum. Og så gler vi oss over at ambassadøren opnar døra for oss. Det gir ekstra tyngde, seier Egil Sundet, bransjeleiar i Norsk Industri Designindustrien, i ei pressemelding.
Det blir vist til at norsk møbeleksport tok seg opp kraftig i koronaåret 2020. Veksten var på 11 prosent, og held fram i 2021. Unntaket er den britiske marknaden.
- No satsar vi på å få større innpass i Storbritannia, og nøkkelen ligg i London, seier Sundet.
Marknadssjef Pål Eid-Hviding i Fora Form opplyser at selskapet tar med dei to møbelikona City av Øivind Iversen og Popcorn av Svein Ivar Dysthe. Sistnemnde blei relansert i resirkulert plast og innvendig polstring tidlegare i år – akkurat som designaren ønska at stolen skulle vere i 1968.
Men Fora Form skal også løfte fram nyare produkt, som sofaen Kove, designa av duoen Morten & Jonas, og den Lars Tornøe-designa stolserien Con.
– I dag ligg eksportandelen vår på 20 prosent, og det meste går til Skandinavia. Storbritannia er vår neste eksportsatsing. Her har vi brukt lang tid på å få rett representasjon, noko som er helt avgjerande i kontraktmarknaden, seier Eid-Hviding.
Publisert: 20.10.2021 08:54
Sist oppdatert: 20.10.2021 09:04