Kort fortalt

Forbruksgjeld på 150,3 milliardar

Forbruksgjelda auka med nesten to milliardar i fellesferien.

NPK
01.08.2022

Forbruksgjelda er i dag på 150,3 milliardar, noko som er ein oppgang på 1,9 milliardar sidan førre månad.

Det skriv Norsk Gjeldsinformasjon i ei pressemelding.

I juli var det fleire enn før som ikkje betalte alt dei skylde ved forfall.

– Etter fellesferien ser vi at fleire ikkje betaler alt dei har uteståande av forbruksgjelda si, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon.

– Vi håpar at folk klarer å planleggje eigen økonomi framover, slik at vi ikkje får ein markant auke i forbruksgjelda og renteberande rammekreditt utover hausten, fortel Karstensen.

Publisert: 01.08.2022 16:08

Sist oppdatert: 01.08.2022 16:09

Mer om