Kort fortalt

Foreslår GIEK-ramme på 7 mrd

Regjeringa vil auke ramma med 2 milliarder.

Kristin Vidhammer
15.05.2018
Regjeringa foreslår å auke ramma for byggelånsgarantiordninga til 7 milliardar kroner. Auka ramme gjev verfta utvida moglegheiter til finansiering av nye skip. Dette ifølgje ei .
Regjeringa foreslår å auke ramma for ordninga til Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) frå fem til sju milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett.
- Vi vil at norske verft skal kunne bygge fleire skip og fleire grøne skip. Ei samla maritim næring har spelt inn behov for å auke ramma for å få til dette. No høyrer vi på næringa og aukar ramma så fleire skip kan få byggelånsfinansiering med bistand frå GIEK, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.
Dette kjem etter at regjeringa har fylgt nøye med på kor mykje ramma har vore brukt. Omstilling ved verfta i Noreg etter offshorekrisa har gjeve auka etterspurnad for byggelån. Norske verft har dei siste åra omstilt seg frå bygging av i hovudsak offshoreskip til ekspedisjonscruiseskip og andre passasjerskip, ferjer, fiskebåtar og skip til oppdrettsnæringa.

Publisert: 15.05.2018 15:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39