Hans Martin Gravdal Gravdal Frode Sonstabo foto Marius
TINGA NYBYGG: Per Vold (midten) som er eigar og styreleiar i Gulenskyss og Frode Sønstabø (t.h.) som er dagleg leiar i Gulenskyss under Nor-Shipping-messa då dei tinga ny ferje frå Fjellstrand-sjef Hans Martin Gravdal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt reiarlag kjøpt opp av utanlandsk selskap

Gründeren sel ferje og hurtigbåtselskap etter over 50 år i bransjen.

Marius Rosbach
16.07.2025

(NPK-NETT.NO): Selskap Gulenskyss som har hovudbase i Eivindvik i Vestland er kjøpt opp av det utanlandske selskapet Infrared Capital Partners (ICP).

Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet, skriv NRK.

Gulenskyss har hovudkontor i Bergen, men sprang i utgangspunktet ut av Per Vold Rederi i Gulen. Verksemda blei starta som eit enkeltpersonføretak i 1971. 

Har kring 60 tilsette og 15 fartøy
I dag har ferje og hurtigbåtrederiet 15 fartøy i flåten og kring 60 tilsette. 

Gulenskyss har ei rekke ruter på kysten av Vestlandet fra Bømlo i sør til Måløy i nord. Reiarlaget har mellom anna kontraktar med Skyss, Helse Fonna og Helse Førde, og får 90 prosent av sine inntekter derifrå, ifølgje selskapet si årsmelding.

Per Strand Vold er grunnleggjar og eigar av Gulenskyss, og seier han er glad for at dei har funne ein ny eigar som vil vere med å vidareutvikle selskapet.

Administrerande direktør Frode Sønstabø i Gulenskyss uttaler at reiarlaget får ei unik moglegheit til å styrke posisjonen i sine marknadsområde.  

Ein rekke oppkjøp ti siste åra
Infrared Capital Partners har base i London og overtek alle aksjane for det som blir omtala som eit «value-add»-fond forvalta av dei. Prisen dei betalar, blir ikkje opplyst. 

I løpet av dei siste åra har dei store ferje- og hurtigbåtselskapa her til lands fått eigarar frå utlandet. 

Fjord1 var det siste store reiarlaget som blei selt til to europeiske fond. I løpet av dei ti siste åra har også Torghatten, Norled og Boreal fått utanlandske eigarar. 

Publisert: 16.07.2025 09:17

Sist oppdatert: 16.07.2025 10:03

Mer om