Equinor Energy har erklært eitt års opsjon for å leige forsyningsskipet Havila Foresight til januar 2027 og har opsjon for å leige fartøyet ytterlegare eitt år, fram til januar 2028.
Det skriv Havila Shipping i ei børsmelding
Børsmeldinga opplyser ikkje kva Havila Shipping får betalt.
I november erklærte Equinor ein liknande opsjon for Havila Charisma.
Publisert: 01.12.2025 12:22
Sist oppdatert: 01.12.2025 12:22






