Kort fortalt
Forseinkingar i havvindprosjekt
Stålmarknaden skapar problem.
13.07.2022
(NPK): Eitt av Equinor sine havvindprosjekt blir forseinka grunna situasjonen i den globale stålmarknaden.
Equinors havvindprosjekt Hywind Tampen som no ikkje blir ferdig etter planen, skriv NRK Rogaland.
Fire av dei 11 turbinane vil ikkje vere på plass før til våren på grunn av forseinkingar av leveransar, i første rekkje på grunn av den globale situasjonen i stålmarknaden.
Det vart funne feil i stålet som er brukt til å produsere dei fire siste turbinane, og det tek no lang tid å bestille nye stålprodukt for å utbetre vindturbinane.
Sju av turbinane blir sette i drift i løpet av året på Gullfaks- og Snorre-felta i Nordsjøen.
(©NPK)
Publisert: 13.07.2022 13:16
Sist oppdatert: 13.07.2022 13:17