NPK: Reiarlaga som driv offshore forventar å bli meir lønsame i framtida. Det er framleis store utfordringar i bransjen, men mykje tyder på at det går mot betre tider.
Ein rapport frå Norges Rederiforbund viser at det ligg an til ei forbetring blant reiarlaga som driv offshore service. For eitt år sidan var det berre 35 prosent som forventa auka inntening, mens i år er det auka til 47 prosent, skriv
Det er likevel store forskjellar innanfor dei forskjellige delane av næringa og betre tal er ikkje eintydig med at næringa er berekraftig. Bransjen har stadig skip og riggar liggjande inne og korte kontraktar.
– Eitt av fem reiarlag forventar å vere mindre lønsame i 2019 samalinkna med 2018. For eitt år sidan var det eitt av fire reiarlag som meinte det same, skriv Rederiforbundet i rapporten.
Den samla omsetjinga dei seinare åra har vore på 206 milliardar i 2017 og 229 milliardar i 2018 og 240 milliardar i 2019. Sysselsettinga auka for første gong sidan 2014 i fjor, totalt oppbemanna reiarlaga med 1.550 personar.

Publisert: 02.04.2019 12:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35