Kort fortalt

Forskar på havvind og fisk

Prosjekt skal granske om fisk blir påverka av havvindanlegg.

NPK
10.02.2022

Havforskingsinstituttet skal studere om støy frå havvindparkar kan påverke kvar fiskelarvar endar opp når dei skal flytte seg frå gytestad til oppvekststad.

– Utviklinga av havvindindustrien er i gang og det skjer raskt. Derfor er det eit stort behov for svar på verknaden av turbinar på marine økosystem, seier postdoktor Alessandro Cresci ved Havforskingsinstituttet på instituttet sine nettsider.

Dei små fiskelarvane orienterer seg blant anna etter lyd, lukt og elektromagnetiske signal når dei skal kome seg frå gytestaden til leveområda sine. Om dei blir forstyrra på denne farefulle ferda, kan det påverke kvar dei hamnar – og dermed sjansane dei har til å overleve.

– Viss dei har uflaks kan dei ende opp ein stad der det er lite mat og mange rovdyr, seier Cresci.

Våren og sommaren 2021 tok forskarane med seg 120 torskelarvar og diverse høgteknologisk utstyr på feltforsøk i Bjørnafjorden på Vestlandet. Målet var å sjå om det er forskjell i åtferda til larvane med og utan støy.

– Det er to aspekt ved åtferda vi ser spesielt på. Det eine er om larvane endrar symjeretning; blir dei tiltrekte av lyden, eller sym dei bort frå han? Det andre er om støyen gjer at dei endrar fart og akselerasjon, seier Alessandro Cresci.

Forskarane analyserer no dataa dei samla inn under forsøka. Samtidig planlegg dei nye forsøk, denne gongen med hyselarvar. Dei første resultata frå studien blir forventa å bli publiserte i år.

Publisert: 10.02.2022 10:01

Sist oppdatert: 10.02.2022 10:02

Mer om