Kort fortalt

Forskar på maritim likestilling

Skal intervjue bransjen.

NPK
25.01.2022
(NPK): Nærings- og fiskeridepartementet har gitt Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet i oppdrag å studere likestillingssituasjonen i maritim næring og utdanning.


Maritim næring, som omfattar reiarlag, verft og utstyrs- og tenesteleverandørar, er tradisjonelt mannsdominert i Noreg. I perioden 2016-2020 var andelen kvinner blant norske tilsette til sjøs berre tolv prosent.

I samband med utarbeiding av ein ny maritim likestillingsstrategi ønskjer departementet meir kunnskap om situasjonen, går det fram av ei pressemelding frå Høgskolen i Innlandet.

Eit forskarteam på fem personar skal i samarbeid med Stiftinga Maritime Bergen, som representerer havbaserte næringar, kartleggje mangfaldet i næringa.

I tillegg skal prosjektet klargjere moglege samfunnsøkonomiske gevinstar ved auka likestilling og mangfald.

Dei neste månadene skal forskarane mellom anna gjere statistiske analysar og djupnintervju med kvinner og menn i næringa.

Dei skal òg intervjue interesseorganisasjonar, bedrifter, dei maritime utdanningane, studentar og unge arbeidstakarar.

(©NPK)

Publisert: 25.01.2022 12:44

Sist oppdatert: 25.01.2022 12:46

Mer om