Kort fortalt

Forskar på meir berekraftig fiskeutstyr

Marin forsøpling stort problem.

NPK
18.07.2022

(NPK): Forskarar ved Noregs fiskerihøgskole vil jobbe med å utvikle meir berekraftige materiale til bruk i fiskeutstyr. Målet er mellom anna å redusere marin forsøpling.

– Alle aktive aktørar veit at reiskapar som blir brukte i fiskeri og akvakultur må bytast ut regelmessig, så kvifor blir dei produserte i materiale som har nær uendeleg levetid, undrar førsteamanuensis ved Noregs fiskerihøgskole, Roger B. Larsen i ein kommentar i Fiskeribladet.

Larsen peikar på marin forsøpling som eit stort problem for miljøet og at mykje av strandsøppelet stammar frå fiskeria.

– Strandrydding er eit godt initiativ for å bevisstgjere folk på konsekvensane som kjem av marin forsøpling, Men om vi verkeleg skal løyse dei miljøutfordringane vi står overfor, må vi gå til kjelda til problemet.

Ifølgje Larsen er Noregs fiskerihøgskole i gang med eit åtteårig prosjekt som har som mål å utvikle teknologi og nye miljøvenlege produkt, som til dømes bio-nedbrytbar plast som kan brukast i fiskeri og akvakultur.

(©NPK)

Publisert: 18.07.2022 12:17

Sist oppdatert: 18.07.2022 12:21

Mer om