Kort fortalt

Forskarane fann mindre lodde

Smått med lodde i Barentshavet i år.

04.10.2018
NPK: Havforskarane såg lite lodde under økosystemtoktet i Barentshavet i år. Torsdag starta Havforskingsinstituttet gjennomgangen av toktdataa saman med havforskarkollegaer frå Russland.
Forskarane må arbeide fort, for Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) skal ha reknestykka deira tidleg i neste veke. ICES skal så kvalitetssikre tala før kvoterådet går vidare til den norsk-russiske fiskerikommisjonen, som skal møtast i Ålesund 15. oktober.
I fjor fann havforskarane mykje lodde i Barentshavet etter to heller magre år i 2016 og 2015. Forskarane frykta at bestanden var i ein kollapsfase, slik han har vore tre gonger før, første gongen på midten av 1980-talet.
Dei gode resultata i 2017 gav likevel grunnlag for ein loddekvote på 205.000 tonn i 2018. Men i år er lodde-førekomstane igjen meir variable, ifølgje Havforskingsinstituttet.
– Vi har sett lite lodde under økosystemtoktet i år. Vi har hatt god dekning, og vi ser at det er godt med lodde i visse område, mens det er lite og nesten ingenting i andre delar av Barentshavet, seier havforskar Georg Skaret i Havforskingsinstituttet.
Torsk såg dei derimot mykje av under toktet, om enn litt mindre enn åra før.
– Det er noko vi har venta, og det er ingen dramatisk reduksjon i torskemengda, seier Skaret.

Publisert: 04.10.2018 20:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37