Kort fortalt

Forskarar ser ny næring i kråkeboller.

Kan berge tareskogen.

NPK
10.01.2024

(NPK): Ei gruppe Nofima-forskarar trur at det å fjerna kråkebollar kan vera med og redda havbotnen. I tillegg kan kråkebollen sjølv fungera som ei attåtinntekt.

– Kråkebollar har i lang tid beita ned tareskogen langs norskekysten. Når dei fyrst har etablert seg kan dei bli verande i fleire tiår, seier seniorforskar Philip James i Nofima i ei pressemelding.

Ifølgje Nofima kan det vera håp for nedbeita havbotn ved å fjerna kråkebollar i takt med tareskog som veks tilbake. Forskarane har òg sett verdien av å bruka kråkebollane til andre føremål. I nokre land er kråkebollen ei ettertrakta vare, og ein kan få høgt utbyte på rogna. Ideen er å hausta kråkebollar for å fôra dei i landbaserte anlegg.

– Tidlegare prosjekt har vist at turka og pulveriserte kråkebollar kan eigna seg godt i gjødsel. Dette er noko av det prosjektet vil fokusera på, i tillegg til å utvikla metodar for fangst, hausting og transport av dei, og vidareutvikling av oppdrettsmetoden, seier James.

(©NPK)

Publisert: 10.01.2024 11:13

Sist oppdatert: 10.01.2024 11:13

Mer om