NPK: Eit forskingsskip frå Havforskingsinstituttet fekk ei mine frå den andre verdskrigen i trålen under eit tokt i Sognefjorden.
Forskingsbåten Kristine Bonnevie var på tokt med studentar og forskarar frå Universitet i Bergen (UiB) då trålen fanga opp den eksplosive fangsten onsdag, skriv Havforskingsinstituttet på si.
– Mannskapet har handtert denne situasjonen på ein god måte, og i tråd med retningslinene for uventa hendingar, seier reiarlagssjef Per Nieuwejaar.
Politiet blei varsla om hendinga, og folk frå Forsvaret kom raskt til Rutledal i Gulen kommune. Mina viste seg å vere engelsk og frå den andre verdskrigen. Etter at mina var uskadeleggjort, blei ho senka i Sognefjorden vest for Rutledal.
Forskarane og studentane fekk komma om bord att og halde fram forskingstoktet onsdag kveld.

Publisert: 30.08.2018 14:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37