Kort fortalt

Framleis høgt saltinnhald i fiskemat

Dette trass tiltak frå Helsedirektoratet.

14.06.2019
NPK: Sidan 2014 har Havforskingsinstituttet analysert saltinnhaldet i matvarer frå daglegvarebutikkar etter tiltak frå Helsedirektoratet. Hensikta har vore å avgrense saltinntaket til den norske befolkninga skriv dei på sine. No viser nye analysar at saltinnhaldet i fiskeprodukt ikkje har gått ned i det heile.
– Dette er eit viktig folkehelsetiltak. Høgt saltinntak aukar risikoen for høgt blodtrykk, så eit lågare saltinntak har stor betydning for befolkningsnivå. Saltnivået i 12 ferske og frosne fiskematprodukt ligg på 1,7 gram per 110 gram matvare i 2014 og på nøyaktig det same i 2018, seier Lisbeth Dahl, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.
Målet for saltinnhald i fiskemat er på 1,4 gram per 100 gram matvare.

Publisert: 14.06.2019 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34