Kort fortalt

Framleis ingen Mowi i Kina

Namnebytet har ikkje gått knirkefritt.

04.04.2019
NPK: Laksegiganten Mowi har framleis ikkje fått godkjenning til å eksportera laks til Kina under nytt namn.
Frå 1. januar i år skifta Marine Harvest namn til Mowi. Det namnebytet har ikkje gått knirkefritt i Kina. Mowi har framleis ikkje godkjenning til å eksportera sjømat til landet, fortel .
Kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi fortel at papirarbeidet for å få på plass godkjenning til å eksportera til Kina har tatt lang tid.
– Namneendringa tar litt tid i Kina fordi det er mykje papirarbeid som må komma i orden der samanlikna med i dei fleste andre land, seier han til lakseavisa.
I oktober i fjor fekk Mowi til ein avtale med netthandelsselskapet Alibaba for å betre rette produkta mot den kinesiske marknaden.

Publisert: 04.04.2019 17:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35