Sidan starten i 2016 har elferja Ampere hatt heile 737 kanselleringar. Det er tre gonger fleire enn dei tre andre ferjene til saman på E39-strekninga Lavik-Oppdal, ifølgje .
Den siste tida har problema blitt hyppigare og berre i august og september har det vore 60 avlyste avgangar fordi ferje ikkje klarar å lade nok straum medan den ligg til kai.
Reiarlaget Norled er naturleg nok ikkje nøgd med situasjonen.
– Det er ikkje tilfredsstillande. Slik skal det ikkje vere. Men det høyrer og med til historia at ferja gjekk utan avbrot i fem månader i første halvår i år. Altså 100 prosent regularitet, seier regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker, til kanalen.
Han trur det kan vere fleire årsaker til problema, og at dei siste utfordringane kan skuldast at lynnedslag kan ha øydelagt fleire komponentar.

Publisert: 17.10.2019 12:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32