Salmon Evolution kom tysdag med ei oppdatering for lakseproduksjonen. I andre kvartal blei det slakta 1232 tonn sløyd og hovudkappa laks.
Selskapet rapporterer om framleis betring i drifta med ein underliggande biomasseproduksjon på over 1700 tonn i kvartalet. Det er rekordnivå for det landbaserte oppdrettsanlegget til selskapet på Indre Harøy.
Mot sluten av kvartalet hadde dei eit fullt utsett anlegg med 3043 tonn som var i samsvar med måla for volum og mengde fisk.
«Salmon Evolution fortsetter å oppleve stabil drift på tvers av anlegget og går inn i tredje kvartal med et fullt utstyrt anlegg og en god biomassesammensetning, noe som lover godt for fortsatt positiv utvikling i operasjonelle KPI-er og slaktevekter i løpet av de kommende kvartalene», uttaler administrerande direktør Trond Håkon Schaug-Pettersen i Salmon Evolution i børsmeldinga.
Publisert: 08.07.2025 08:48
Sist oppdatert: 08.07.2025 08:48






