Kort fortalt

Framleis pelsdyr-uvisse

Startar taksering av nedlagte pelsdyranlegg etter pause.

NPK
25.01.2023

NPK: Takseringa av pelsdyrgardane i Noreg blir no teken opp att. Ein del arbeid står likevel att før bøndene får full erstatning.

– Me er glade for at takseringa av pelsdyrgardane kjem i gang att, men me pustar ikkje letta ut før alle bøndene har fått takstar, tilbod om endeleg erstatning og utbetalt endeleg erstatning, seier Bertran Trane Skadsem, styreleiar i Norges Pelsdyralslag i ei pressemelding.

Etter månader med full stans i taksering, blei Norsk Landbrukstakst (NTL) og Landbruksdirektoratet samde om å fortsetja arbeidet tysdag. Det er likevel uvisst når norske pelsdyrbønder får endeleg tilbod om full erstatning, og når ho vil bli utbetalt.

Skadsem peikar på at bøndene betalar dyrt både økonomisk og menneskeleg etter år med politisk spel, og at kostnadene for den enkelte har auka kraftig som følgje av stans i taksering og andre forseinkingar frå Landbruks- og matdepartement og Landbruksdirektoratet.

– Norges Pelsdyralslag og norske pelsdyrbønder kan ikkje vera trygge i denne saka før alle bøndene har fått den rette erstatninga på konto. Me har rett og slett blitt skuffa for mange gonger, seier Skadsem

Publisert: 25.01.2023 08:15

Sist oppdatert: 25.01.2023 08:19