Kort fortalt
Framskundar andre dose i Ålesund
Ledige vaksinetimar.
Marius Rosbach
09.08.2021
Ålesund kommune har fleire ledige vaksinetimar og oppmodar alle som ikkje har fått første vaksinedose, om å bestille time, ifølgje ei melding frå kommunen.
Samtidig vert vaksinering med andre dose framskunde parallelt, opplyser kommuneoverlege Olav Mestad i meldinga.
Kring 82 prosent av alle over 18 år i kommunen har no fått første dose med koronavaksine.
Ålesund kommune fekk seint søndag meldt fire nye smittetilfelle.
Totalt er det no 80 personar i isolasjon i Ålesund kommune og kring 300 i karantene, ifølgje statusoppdateringa frå kommunen.
Publisert: 09.08.2021 13:04
Sist oppdatert: 09.08.2021 13:06