Kort fortalt

Fransk rakett fall ned på fiskefeltet

UD skal vurdere varslingsrutinar for rakettnedfall.

NPK
22.11.2021

Utanriksdepartementet skal sjå nærare på dei nasjonale varslingsrutinane i samband med rakettnedfall i fiskeriområde, ifølgje reiarlagsorganisasjonen Fiskebåt.

Det er Fiskebåt som har bedt departementet om å vurdere dette etter at restane av ein fransk rakett nyleg fall ned i området sør for Bjørnøya, der rundt 30 fiskebåtar dreiv fiske. Utanriksdepartementet (UD) måtte ein kortare periode stengje området for å unngå at nokon av dei vart trefte av nedfallet.

Den franske raketten skulle plassere ut ein satellitt i verdsrommet og måtte passere området sør for Bjørnøya for at satellitten skulle nå den planlagde banen, skriv Fiskeribladet.

– Slike oppskytingar har vorte nokså vanlege internasjonalt, og nedfallet skjer utanfor territorialfarvatn og nasjonalt luftrom. Det er ikkje norske styresmakter som gir løyve til oppskytingar frå territoria til andre land. I dette tilfellet var det franske styresmakter som etter fransk romlov gjorde det, skriv UD i eit brev til Fiskebåt.

No vil altså UD sjå på om varslinga av slike hendingar kan blir meir presise i framtida.

Publisert: 22.11.2021 16:26

Sist oppdatert: 22.11.2021 16:27

Mer om