Kort fortalt
Friske pengar til Axxis
Har godkjent retta emisjon på 144,5 millionar kroner.
30.04.2021
Ifølgje ei børsmelding frå seismikkselskapet Axxis Geo Solutions har den ekstraordinære generalforsamlinga fredag godkjent ein retta emisjon på 144,5 millionar kroner.
Frå før er det kjent at investorane Arne Fredly, Ketil Skorstad og Fredrik Sneve skal delta i emisjonen.
I emisjonen vert det utferdiga 1,4 milliardar nye aksjar til ein kurs på 10 øre.
Den friske kapitalen skal brukast til å betale kreditorar og byggje opp likvidtetsreservane for vidare drift.
Styret planlegg ein reparasjonsemisjon for dagens aksjonærar.
Publisert: 30.04.2021 19:47
Sist oppdatert: 30.04.2021 19:50