Kort fortalt

Frist for næringsdrivande onsdag

Må levere skattemelding.

NPK
30.05.2023

(NPK): Onsdag 31. mai går fristen for å levere skattemeldinga for næringsdrivande ut. Ei knapp veke før fristen har over 172.000 enkeltpersonføretak levert skattemeldinga. Det er litt færre enn på same tidspunkt i fjor.

– Vi forventar at mange vil levere den siste veka fram mot fristen, seier Marta Johanne Gjengedal, divisjonsdirektør i Skatteetaten, i ei pressemelding.

Tala viser at 172.279 enkeltpersonføretak har levert skattemeldinga så langt i år, mot 181.480 på same tid i fjor. Talet på selskap som har levert skattemeldinga er nokså likt som i fjor.

Gjengedal åtvarar spesielt ei gruppe næringsdrivande mot å gjere ein vanleg feil når det gjeld innlevering:

– Alle som har fått skattemeldinga for næringsdrivande må levere elektronisk innan fristen. Det gjeld sjølv om du ikkje har endringar, ikkje har hatt nokon aktivitet i året som gjekk eller om du har lagt ned verksemda di, fortel Gjengedal.

(©NPK)

Publisert: 30.05.2023 08:50

Sist oppdatert: 30.05.2023 08:50

Mer om