Kort fortalt

Fristen for skattemeldinga går ut i dag

– Alle bør opna og sjekka, seier divisjonsdirektør.

NPK
30.04.2024

(NPK): Ved midnatt tysdag 30. april går fristen for å levera skattemeldinga ut.

– Alle bør opna og sjekka skattemeldinga. Om du ikkje sjekkar henne, brukar Skatteetaten opplysingane som ligg der frå før. Det kan bety at du risikerer å betala for mykje skatt, for eksempel om du ikkje har ført inn eit frådrag som du har krav på, eller at me brukar feil opplysingar, seier divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten i ei pressemelding.

Gjengedal oppmodar også folk til å sjå at opplysingane om formue, bustad og lån stemmer. I fjor viste statistikken at det er fleire som har noko å tena på å sjekka skattemeldinga godt. Etter at skattemeldinga var levert, var det fleire som fekk pengar til gode og færre fekk restskatt, samanlikna med beløpa før dei gjekk inn og sjekka.

Alle er sjølve ansvarlege for å sjå til at opplysingane er riktige.

(©NPK)

Publisert: 30.04.2024 10:08

Sist oppdatert: 30.04.2024 10:08

Mer om