Kort fortalt

– Fritt for gode nyheiter til næringslivet

SMB Norge kritiske til statsbudsjettforslaget.

NPK
06.10.2023

(NPK): SMB Noreg, interesseorganisasjon for små- og mellomstore bedrifter, meiner det er grunn til å stille spørsmål om regjeringspartia ikkje ynskjer veljarar frå næringslivet.

– Det er krevjande økonomiske tider både for folk og næringsliv. Regjeringa ser ut til å gløyme heilt næringslivet i forslaget sitt til statsbudsjett. Vi er alvorleg uroa for at regjeringa ikkje ser utfordringane til næringslivet, seier administrerande direktør i SMB Norge, Jørund H. Rytman.

Han viser til auka renter, auka importprisar og lågare forbruk frå kundane. Dette rammar næringslivet hardt, meiner han.

– Vi har lenge åtvara regjeringa om fleire konkursar hos dei små og mellomstore bedriftene, og vi hadde i det lengste eit håp om at regjeringa skulle innsjå alvoret. Med forslaget til statsbudsjettet må vi berre slå fast at dei ikkje ser alvoret i situasjonen, seier Rytman i ei pressemelding.

Han er sterkt kritisk til auken i skatt på norsk eigarskap, som gjer at mange bedrifter må ta ut auka utbytte for å dekkje formuesskatten.

– Auka utbytte frå bedriftene er ikkje gunstig i den situasjonen mange selskap er i. Det kan føre til at fleire bedrifter får økonomiske utfordringar. Formuesskatten bør reduserast, og norsk eigarskap burde premierast, meiner han.

(©NPK)

Publisert: 06.10.2023 13:23

Sist oppdatert: 06.10.2023 13:23

Mer om