Kort fortalt

Frp seier nei til fiskeskatt

Vil ikkje vente på utgreiing.

03.05.2019
NPK: Landsmøtet til Framstegspartiet følgjer regjeringspartnarane og avviser ein ressursrenteskatt på havbruk og fiskeri før forslaget ligg på bordet.
I helga skal Frp-landsmøtet ta stilling til to forslag utsegn som i praksis stoppar ressursrenteskatt på sjømatnæringane, skriv .
Det eine forslaget kjem frå fylkeslaga i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark.
– «Fremskrittspartiet er et parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (angrep). Videre er vi et parti som vil ta hele landet i bruk gjennom gode rammevilkår smarte løsninger, ikke gjennom subsidier og nye krav. Derfor sier vi et klart NEI til ressursrente for fiskeriene», heiter det i forslaget.
Venstre og Høgre sa på landsmøta deira nei til ein ressursrenteskatt. KrF har sagt nei til skatten på fiskeri, og er avventande på havbruk. No går Frp same veg. Det skjer trass i at utvalet som greier ut ulike skattemodellar ikkje har komme med ein rapport ennå.

Publisert: 03.05.2019 13:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35