Kort fortalt

Fryktar at fleire vil gå konkurs

Mange bedrifter lever farleg, og fleire vil truleg måtte nedbemanne i år.

NPK
26.01.2023

Det seier administrerande direktør for Norsk Industri Stein Lier-Hansen.

Framtidsutsiktene for bedriftene sprikjer stort, viser årets Konjunkturrapport frå Norsk Industri.

Medan nokre opplever at lønnsemda aukar, slit andre med høge prisar på råvarer og straum.

– Bedriftene våre blir prega av straumsituasjonen i Noreg og Europa. Dessutan påverkarar vedvarande verdikjedeproblem dei aller fleste. Vi vil nok sjå at fleire må nedbemanne utover året, og ein del bedrifter lever farleg dei neste månadene, seier Lier-Hansen.

Til NTB seier han at fleire konkursar og at bedrifter flyttar verksemda si til utlandet, kan bli resultatet.

No hastar det med å få på plass ei energiordning for 2023 som gir industrien forhold dei kan leve med på kort sikt, meiner Norsk Industri.

– Staten trekkjer inn ekstraordinært 73 milliardar kroner til statskassa på grunn av dei høge straumprisane. Noko av dette må bedriftene kunne få tilbake, seier Lier-Hansen.

Publisert: 26.01.2023 14:40

Sist oppdatert: 26.01.2023 14:42

Mer om