Kort fortalt

Fryktar for fiskeeksporten ved brexit

Fisk kan rotne ved grensa.

04.09.2019
NPK: Fiskerinæringa fryktar at fersk fisk skal rotne på grensa dersom det blir ein såkalla hard brexit.
Norsk sjømatnæring eksporterte fisk til Storbritannia for 6 milliardar kroner i fjor, skriv . Uvissa kring brexit skaper uro i næringa.
– Storbritannia er den viktigaste marknaden vår i Europa. Brexit skaper uvisse både når det gjeld eksport, import, valutasvingingar og britisk kjøpekraft. Faren umiddelbart er sjølvsagt kaos på grensa der trafikken i dag flyt fritt. Eit heilt apparat for grensekontroll skal på beina, det kan gi lange køar. Skrekkscenarioet er at konteinarar med fisk fordervar på grensa, seier administrerande direktør i Brødrene Sperre AS, Inger Marie Sperre.
Noreg har inngått ein mellombels avtale med Storbritannia dersom dei går ut av EU utan ein avtale, ein såkalla hard brexit.
– Dette er ein svært viktig avtale som regulerer dei viktigaste områda for norsk næringsliv. Vi har gjort det vi kan, men uvissa i næringslivet er heilt reell og det er mykje som ligg utanfor vår kontroll, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Publisert: 04.09.2019 19:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32