Kort fortalt

Fryktar kommunale dataangrep

Kommunane blir bedne om å førebu seg.

NPK
07.02.2022

Fleire digitale angrep vil komme i tida framover, meiner Justis- og beredskapsdepartementet. Kommunane blir bedne om å ta cybertrusselen på alvor.

Digital utpressing, såkalla løysepengeangrep, er noko av det departementet ventar av angrep.

– For oss er det viktig at kommunane kan stå endå betre rusta til å førebyggje og handtere digitale angrep som kan få store konsekvensar for innbyggjarane, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Dei fleste cyberangrep kunne ha vore unngått, påpeikar ho.

– For regjeringa er det viktig at alle kommunar tek cybertrusselen på største alvor og følgjer tilrådingane til styresmaktene. Ein kan ikkje heilgardere seg, men over 80 prosent av hendingane der Nasjonalt tryggingsorgan hjelper, viser seg å kunne vore unngått med heilt grunnleggjande tryggingstiltak, seier Mehl.

Mehl og kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) deltok måndag på eit møte med 200 av kommunane i landet om datatryggleik.

Kommunane må sjølv sørgje for at dei har på plass ei grunnleggjande sikring av nettverka og systema sine, understrekar Gram.

– Med den vanskelege økonomiske situasjonen mange kommunar har stått oppe i dei siste åtte åra, er eg klar over at dette kan vere krevjande. Regjeringa er i gang med å styrkje kommuneøkonomien slik at også små- og mellomstore kommunar kan ha større rom for å prioritere digital tryggleik, seier han.

Publisert: 07.02.2022 21:35

Sist oppdatert: 07.02.2022 21:36