Kort fortalt

Fryktar krav om nullutsleppsferjer

- Kan få katastrofale følgjer.

NPK
10.05.2023

Leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim (Sp), fryktar at kravet om nullutslepp for ferjer og hurtigbåtar kan få katastrofale følgjer, om ikkje staten stiller med nok pengar.

Sørheim seier til NRK Møre og Romsdal at fylket må kutte i ferje- og hurtigbåttilbodet om det blir eit lovfesta krav om nullutslepp.

Tidlegare onsdag kom nyheita om at regjeringa ynskjer eit krav om at alle nye ferjer og hurtigbåtar skal vere utsleppsfrie innan eit par år. Både stortingspolitikarar og næringa sjølv gler seg over at kravet endeleg kjem, men fylkespolitikarar i Møre og Romsdal er skeptiske.

I mars kom det forslag om kutt i ruter, og det vart av fleire skildra som ein massakre av ferjetilbodet i fylket. No fryktar Kristin Sørheim at kravet om nullutslepp skal føre til ytterlegare kutt i avgangane.

Samferdsleministeren har sagt at han har tenkt å kompensere for dette, men Sørheim er skeptisk.

– Vi har alltid vorte snytt på vekta når staten har sagt slike ting, seier ho.

Lars Haltbrekken, SV-representant på Stortinget, seier at politikarane no er nøydde til å sørgje for at det kjem pengar raskt på plass, slik at fylkeskommunane kan vere trygge på at dei vert kompenserte.

Publisert: 10.05.2023 16:08

Sist oppdatert: 10.05.2023 16:08