Fryktar kutt hos fylke skal råka elevane
Møre og Romsdal fylkeskommune har dårleg råd.
(NPK): Fleire vidaregåande skular i Møre og Romsdal gjekk med millionunderskot i fjor og må førebu seg på endå fleire innstrammingar i år. Elevane fryktar dette går ut over undervisninga.
Møre og Romsdal fylkeskommune har dårleg råd og dei vidaregåande skulane er nøydde til å spare pengar. Fleire rektorar er bekymra for kor mykje dei må kutte.
– Vi er veldig bekymra ettersom vi i fjor gjekk med langt over tre millionar kroner i minus, sjølv med den same drifta som før. Og budsjettet for i år er endå trongare, så om vi skal ta inn underskotet frå i fjor i tillegg, så er eg veldig uroleg for det, seier Trond Hjelseth, rektor ved Volda vidaregåande skule til NRK.
Eitt av tiltaka skulane har gjort for å spare pengar er å kutte i vikarbruken når lærarane er sjuke. Elevrådsleiar William Husøy ved Ulstein vidaregåande skule fryktar dette vil gå utover læringa til elevane.
– No trur eg mange er bekymra for at dei ikkje skal få den undervisninga dei treng, seier Husøy.
Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Anders Riise (H), seier den økonomiske situasjonen er svært krevjande.
– Vi er det fylket som har størst underskot, lågast driftsfond og høgast gjeld, så vi må ta grep. Dei kutta som har kome til no i år er etterslep frå i fjor, men vi skal gjennomføre den lovpålagde undervisninga til elevane, det skal skje, seier Riise.
(©NPK)
Publisert: 22.02.2024 12:52
Sist oppdatert: 22.02.2024 12:52