Kort fortalt

Fryktar mannskapsflukt på ferje

Nye reglar for kviletid.

NPK
25.01.2024

(NPK): Grunna nye reglar for kviletid truar ferjemannskapet på sambandet Eidsdal-Linge å skifte arbeidsstad.

– Dei nye reglane for kviletid verkar ikkje slik dei er meint å gjere seier skipper Sigge Berli til NRK Møre og Romsdal.

I mange tiår har ferjemannskapet på Eidsdal-Linge hatt døgnvakt. Om natta går ikkje ferja og på denne tida skal mannskapet kvile seks timar samanhengande.

Utfordringa er at dei ikkje alltid får denne lovpålagde kvilen. Dersom bygdefolk blir sjuke midt på natta må ferjemannskapet fyre i gang motorane og frakte ambulansen over fjorden. I snitt skjer det to gongar i månaden.

Med innskjerpingar av reglane betyr det dei må kvile i nye seks timar etter ein beredskapstur.

Dermed blir ferja liggjande til kai dei tidlegaste turane om morgonen og pendlarar kjem seg ikkje på jobb.

Berli meiner det ikkje er noko problem å droppe kviletida etter ambulansetur, slik at ferja går i normal rute.

– Du blir utsliten etter ei slik vakt, men du får komme heim å ha fri i 24 timar. Det er kvile, seier skipperen.

(©NPK)

Publisert: 25.01.2024 11:51

Sist oppdatert: 25.01.2024 11:51

Mer om