Kort fortalt

Fryktar nye innleigereglar

NHO Reiseliv uroa for reiselivet.

NPK
04.07.2022
(NPK): Særleg i distrikta er det vanskeleg for reiselivsbedrifter å rekruttere tilsette for ein kort periode.

Det nye forslaget frå regjeringa om å endre regelverket for bruk av bemanningsføretak kan vere til stort hinder for bransjen, meiner NHO Reiseliv.

Nyleg foreslo regjeringa ei rekkje endringar i regelverket for bruk av bemanningsføretak. Det inneber mellom anna at det ikkje lenger er mogleg å leige inn arbeidskraft «når arbeidet er av midlertidig karakter».

Målet er at fleire arbeidstakarar skal vere fast tilsett i bedrifta dei arbeider for. Men regjeringsforslaget har fått kritikk frå fleire hald, særleg på arbeidsgivarsida. No uttrykkjer også reiselivsbransjen bekymring, sidan behova deira for arbeidskraft i stor grad varierer avhengig av sesong, skriv Nationen.

Ifølgje NHO Reiselivs medlemsundersøking frå februar meiner fire av ti reiselivsbedrifter at tilgangen til innleige er viktig for å sikre den økonomiske drifta.

Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv, meiner innstrammingane til regjeringa vil vere eit stort hinder for bransjen.

– For å tilpasse svingingane må bedriftene raskt kunne tilsetje fleire, men det kan vere vanskeleg å rekruttere tilsette for ein kort periode, særleg ute i distrikta. Derfor er fleire avhengige av å kunne leige inn frå eit bemanningsbyrå, seier han.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) skriv i ein e-post til Nationen at heile og faste stillingar skal vere norma i norsk arbeidsliv. Det er derfor ein ynskja konsekvens frå regjeringas side at bedrifter som bruker mykje innleige må leggje om drifta.

(©NPK)

Publisert: 04.07.2022 10:03

Sist oppdatert: 04.07.2022 10:10

Mer om