Kort fortalt

Fryktar skattemeldingssvindel

Skatteetaten åtvarar.

NPK
10.03.2023

Få dagar før skattemeldinga blir tilgjengeleg for vel 5 millionar nordmenn, går Skatteetaten ut og åtvarar mot svindlarar. Dei fryktar ei ny bølgje svindelforsøk.

Skattemeldinga blir send ut frå og med 14. mars til og med 31. mars. Skatteetaten forventar at både skattemeldinga og skatteoppgjeret vil bli prøvd misbrukt.

– Det er eit aukande omfang på svindelforsøk i Noreg og globalt, men heldigvis er medvitet, skepsisen og kunnskapen i befolkninga generelt forbetra. Likevel endrar også svindlarane taktikk, og mange blir framleis lurte til å klikke på lenkjer, seier tryggingsdirektør Ragna Fossen i Skatteetaten i ei pressemelding.

Svindelforsøka går ofte føre seg gjennom e-postar eller tekstmeldingar som prøver å lure mottakarane til å klikke på lenkjer, og gi frå seg sensitiv informasjon som seinare kan brukast for å svindle mottakaren.

– Vi sender ikkje lenkjer uoppmoda i e-post eller SMS, og spør ikkje etter bank- eller kredittkortopplysningar i desse kanalane. Ikkje la deg lure, dette er svindel, seier Fossen.

Skatteetaten oppmodar alle brukarar til å bruke nettsida skatteetaten.no og logge seg inn under «mi side», eller alternativt gjennom altinn.no.

Publisert: 10.03.2023 10:01

Sist oppdatert: 10.03.2023 10:02

Mer om