Kort fortalt

Frå pluss til minus for HI Bygg

Smell for Ålesund-selskap i fjor.

Marius Rosbach
17.08.2023

Utgiftene vart større enn inntektene for byggefirmaet HI Bygg i Ålesund i fjor.

Årsmeldinga viser eit underskot på drygt 800.000 kroner etter ei omsetning på meir enn 32 millionar.

Inntektene er på nivå med året før for selskapet som blei starta opp i 2020, etter at eit tidlegare selskap med same namn gjekk konkurs. Firmaet tek på seg både store og små jobbar innan tømring og snekring.

Eigenkapitalen var på 1,7 millionar ved utløpet av 2022, og selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

Odd Arne Ingebrigtsen og Inger K W Ingebrigtsen eig halvparten kvar av selskapet.

HI Bygg As
Tal i mill. kroner20222021

Driftsinntekt

32,633,7
Driftsresultat-0,80,2
Resultat før skatt-0,80,2

Publisert: 17.08.2023 10:27

Sist oppdatert: 17.08.2023 10:27

Mer om