Frårår tur i fjellet
Ventar mykje regn.
Det er oransje og raudt nivå på farevarselet for flaum i delar av Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Sunndal.
Det er venta mykje regn frå måndag ettermiddag til tysdag ettermiddag. Det vil auke vassføringa ytterlegare. NVE har varsel derfor flaumfare på raudt nivå for delar av Nordfjord, Sunnmøre, Romsdal og Sunndal. Det er varsla flaumfare på gult nivå for store delar av fjellområda i Sør-Noreg, skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.
Det er også varsla jordskredfare på oransje nivå for indre strøk av Sogn og Fjordane, fjellstrøka i Oppland og indre strøk i Møre og Romsdal,
– Regnet som kjem kan føre til store vassmengder, flaumskred og jordskred. Vi frårår folk om å leggje ut på tur i fjellet og bratte skråningar, og langs bekker og elvar med stor vassføring. Vatnet kan stige fort og det er ikkje sikkert at du kan krysse den same elva på veg heim igjen, seier vakthavande hydrolog Seija Stenius.
Som følgje av snøsmeltinga og mykje regn, er det også fare for jord- og flaumskred langs bekkar og i skråningar der snøen smeltar i indre strøk av Sogn og Fjordane, fjellstrøka i Oppland og indre strøk i Møre og Romsdal.
Publisert: 27.06.2022 14:27
Sist oppdatert: 27.06.2022 14:28