Kort fortalt

Full forvirring om nye fartsgrenser på sjøen

Kystverket og kommunane kranglar om kva fartsgrenser som gjeld på sjøen.

NPK
16.05.2022

Politiet kallar situasjonen krevjande.

Kystverket tok i januar over ansvaret for fartsgrensene langs store delar av kysten. Seniorrådgjevar Thor Messel seier til NRK Sørlande t at det har vore ein omfattande og tung prosess, som enno ikkje er i mål.

95 kystkommunar skal i samarbeid med Kystverket finne fram til nye reglar, og denne prosessen er ikkje ferdig.

– Vi reknar med at alle kommunane er ferdige med si saksbehandling innan 1. juni, slik at båtfolket veit kva dei har å halde seg til, seier Messel.

Hamnesjef i Arendal, Rune Hvass, meiner dei nye reglane har skapt unødvendig forvirring hos mange.

– Dette er utelukkande byråkrati. Det bidreg ikkje til det som er målet, auka tryggleik, seier han. Han fortel at dei har fått til ei vidareføring av alle dei gamle kommunale reglane, men at dei er underlagde statleg administrasjon i delar av området.

Ole Petter Parnemann er ansvarleg for sjøtenesta til politiet i Politidirektoratet. Han følgjer nøye med på utviklinga etter dei nye reglane vart gjeldande frå nyttår

– Mange stader vil dette vere litt krevjande, og så får vi håpe at vi etter kvart får sett oss inn i dei gjeldande lokale reglane. Vi får håpe at vi kan handheve dei med fornuft, seier han til NRK.

Publisert: 16.05.2022 15:38

Sist oppdatert: 16.05.2022 15:39

Mer om