Kort fortalt
Full skjenkestopp klokka 22
Nasjonale skjenkereglar blir stramma inn.
20.02.2021
(NPK-NTB): Regjeringa strammar inn dei nasjonale skjenkereglane. Frå tysdag blir skjenkestoppen endra frå midnatt til klokka 22.
– Etter råd frå helsestyresmaktene flyttar vi skjenkestoppen frå midnatt til klokka 22, det er ei innstramming, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.
– Det gjer det mogleg med lettar på andre område, sa Solberg.
Statsministeren seier at det ikkje kjem store koronalettar nasjonalt før tidlegast i midten av mars, men at det frå tysdag blir opna varsamt opp innan idrett for barn og unge.
Publisert: 20.02.2021 14:40
Sist oppdatert: 20.02.2021 14:42