Fulle Hurtigruteskip i sommar
Vil frakte fleire enn i 2019.
(NPK): 75.000 gjester skal reise med Hurtigruten denne sommaren. I 2022 vil skipa deira altså frakte 10 prosent fleire passasjerar enn i 2019.
– Mange har lagt ferieturen sin til norskekysten med oss i sommar, så akkurat no har vi fullt trykk, fulle skip og fullt opp med å vise gjestene små og store lokalsamfunn langs den vakraste kysten i verda, seier Hedda Felin, administrerande direktør i Hurtigruten Norge i ei pressemelding.
Felin meiner det er viktig for små og store bedrifter at talet på turistar aukar.
– At turistane er tilbake for alvor, betyr mykje for heile kysten. Etter nokre tunge korona-år treng reiselivet eit løft, og vi er glade for å bidra med dei lokale ringverknadene Hurtigruten legg igjen i hamnene og hos bedriftene, seier Felin.
Ho viser til at Hurtigruten Noregs gjester bestiller utflukter, museumsturar og andre opplevingar i dei fleste av dei 34 hamnene skipa seglar til. I tillegg kjem inntekter for lokale produsentar av at selskapet kjøper inn råvarer frå produsentar langs heile kysten, for at gjestene skal få servert det beste norskekysten kan tilby i matvegen.
– Samtidig kunne effekten vore større dersom det framleis ikkje mangla to skip i kystruta. Det blir mindre inntekter for hamnar og bedrifter enn det burde vore, og færre som får reise, seier Felin.
Hurtigruta merka også ein klar effekt av flystreiken, der mange valde Hurtigruten som alternativ når flya stod på bakken. Den siste helga av flystreiken booka tre gonger så mange passasjerar ei lokalreise på Hurtigruten samanlikna med veka før, altså ein 200 prosent auke. Fleire avgangar har vore heilt fulle.
(©NPK)
Publisert: 01.07.2022 12:27
Sist oppdatert: 01.07.2022 12:29