Kort fortalt

Fylkeskommunen i pluss

Netto driftsresultat på 47,1 milionar.

Marius Rosbach
12.02.2021

Foreløpig årsrekneskap for 2020 viser eit netto driftsresultat på 47,1 millionar kroner for Møre og Romsdal fylkeskommune. Det positive resultatet utgjer 0,7 prosent av fylkeskommunen sine totale inntekter, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

– Sjølv om vi ikkje når måltalet om eit netto driftsresultat på 2 % av driftsinntektene, er dette likevel eit godt resultat i ei utfordrande tid for organisasjonen og fylket, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.

Han opplyser at netto driftsresultat er korrigert ned med 40,1 millionar kroner. Dette er avsetning av statlege overføringar til øyremerka tilskot som til dømes spelemidlar, kulturtanken, Innovasjon Norge og Regionale forskingsfond. På grunn av covid-19 pandemien har også dei statlege overføringane til desse formåla blitt auka betydeleg i 2020.

Årsrekneskapen viser ei auke i statlege overføringar på 275,6 millionar kroner i samband med koronapandemien. 247,1 millionar kroner er kompensasjon for inntektsbortfall i kollektivtrafikken, 3,1 millionar kroner er kompensasjon i vidaregåande skole, og 24,8 millionar kroner er stimuleringsmildar til andre (BIO, kompetanse, lærlingtilskot og karriererettleiing).

Det vert opplyst at driftsrammene syner eit mindreforbruk på 95,1 millionar kroner. Dette skuldast i hovudsak ein kombinasjon av stram økonomistyring, omstillingstiltak som vart sett i verk i 2020, og reduserte driftskostnadar knytt til koronapandemien.

Disposisjonsfondet er per 31.12.20 på 778,7 millionar kroner, dvs. 12 % av brutto driftsinntekter.

Lånegjelda er per 31.12.20 på 7,0 milliardar kroner, noko som gir fylkeskommunen ei gjeldsgrad på 105 %.

- Sjølv om vi etter korreksjon for avsetningar får eit netto driftsresultat på 47,1 millionar kroner, er det reelle netto driftsresultatet for 2020 lågare. Dette med bakgrunn i at vi har mottatt 36,2 millionar kroner for mykje i kompensasjon for inntektsbortfall i kollektivtrafikken, og vi må rekne med at dette vil avkorte framtidige utbetalingar for inntektsbortfall. Om vi tek omsyn til det, er det reelle netto driftsresultatet for 2020 berre på 10,9 millionar kroner, seier Guttelvik i pressemeldinga.

Det vil i samband med framlegg av årsrekneskapen for 2020 til fylkestinget i april bli utarbeidd ei breiare økonomisk analyse.

Publisert: 12.02.2021 11:31

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:57

Mer om