Kort fortalt
Fylkestinget utsette berekraftsenter
Fylkestinget set etablering på vent.
22.06.2022
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal innstilte mandag denne veka til fylkestinget at saka om etablering av selskapet Norsk Berekraftsenter blir utsett.
I dag har Fylkestinget i Møre og Romsdal fatta same vedtak. Ap ville behandle saka, men 33 representantar røysta for å utsette, 11 stemte for å behandle saka no.
Framlegget frå administrasjonen var at fylkeskommunen skulle gå inn med inntil to millionar kroner i eigenkapital, og saman med Ålesund, Molde og Kristiansund og eventuelt Sula eige inntil 25 prosent i selskapet.
Publisert: 22.06.2022 09:29
Sist oppdatert: 22.06.2022 09:39