Kort fortalt

Få asiatiske turistar i år

Reiselivet saknar pengesterk gruppe.

NPK
13.07.2022

(NPK): Dei utanlandske turistane har kome til Noreg etter pandemien, men koronarestriksjonar stoppar likevel folk frå Asia i å reise hit.

For i forskjell til fjoråret, då dei fleste turistar i Noreg var norske, er dei utanlandske turistane no tilbake for fullt, skriv NRK Vestland.

Det merkar reiselivsbransjen godt, men det er framleis ei gruppe som er sakna.

Grunna karantenereglane i fleire asiatiske land, er turistar frå kontinentet fråverande samanlikna med tida før koronapandemien.

Det merkar dagleg leiar ved Preikestolen basecamp, Eivind Flod. Han fortel at dei har mykje utanlandske turistar, men få frå Asia.

– Det er jo dumt. Heile den asiatiske marknaden legg igjen mykje pengar, ikkje berre på hotella, men på restaurantar og i butikkar, fortel han.

Tal som NHO reiseliv har henta inn frå sine eigne medlemmer viser at dei asiatiske turistane er fråverande over heile landet. Berre 7 prosent av dei vel 300 medlemmene har svart at dei ventar turistar frå Asia.

(©NPK)

Publisert: 13.07.2022 13:18

Sist oppdatert: 13.07.2022 13:19

Mer om