Kort fortalt

Få kjem i jobb etter utanforskap

Personar som fell utanfor arbeidslivet blir det som oftast anten kortvarig eller permanent.

NPK
16.11.2022

Dette kjem fram i ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Den følgde 2,9 millionar personar som var 18–66 år i 2015 og fram til og med 2020.

Over 34.400 personar var sysselsett, under utdanning eller på arbeidsmarknadstiltak i 2015 og fall utanfor i minst 4 samanhengande år etterpå. Berre 10 prosent av desse var i aktivitet igjen i 2020, skriv SSB.

Av dei som var mottakarar av uføretrygd i 2015, heldt 88 prosent fram med å vere utanfor heile resten av perioden. Til samanlikning var om lag ein tredel av dei registrerte arbeidsledige i 2015 utanfor berre det året, medan 11 prosent var utanfor i alle 6 åra. Raske overgangar frå utanforskap gjeld også for personar som vi ikkje finn igjen verken i register over arbeid, utdanning eller velferdsytingar og som dermed får ukjend status.

– Dei registrerte arbeidsledige bevegar seg raskare over i aktivitet enn mottakarar av uføretrygd. Det kjem av at uføretrygd er ei yting til personar med varig nedsett inntektsevne. Lengda på utanforskap heng derfor saman med at nokre statusar er meir mellombelse enn andre, seier Malin Pettersen i SSB.

Til saman var 286.400 personar, eller 10 prosent av personane rapporten følgde, berre 1 år utanfor per november i perioden 2015–2020.

Publisert: 16.11.2022 16:43

Sist oppdatert: 16.11.2022 16:44

Mer om