Kort fortalt

Få småbedrifter fryktar nedbemanning

Norske små og mellomstore bedrifter (SMB) ser på framtida med uvisse.

NPK
24.01.2023

Sjølv om ei av tre slike bedrifter forventar svakare resultat i år enn i fjor, er det berre ei av ti som fryktar å måtte redusere talet på tilsette.

Det går fram av SMB-barometeret 2023.

– Vi er positivt overraska over korleis bedriftsleiarar evnar å tilpasse seg forholda. Dei tek grep for å stabilisere og sikre drifta. Det bidreg til å trygge både arbeidstakarar og lokalsamfunn, seier Kristen Elstad, partnar i selskapet rådgivings- og revisjonsselskapet BDO i ei pressemelding.

Selskapet spør i det årlege SMB-barometeret 1.200 små og mellomstore bedrifter over heile landet om utsiktene deira innan marknad og økonomi, berekraft og digitalisering. Resultata i år vart lanserte tysdag 24. januar.

– Det som bekymrar SMBane mest kan i stor grad knytast til konsekvensane av global uro, seier Martin Aasen, administrerande direktør i rådgjevings- og revisjonsselskapet BDO Norge.

Krig i Ukraina, utfordringar med råvaretilførsel, auka kostnader på varer og energi, og dessutan frykt for global resesjon, er alle faktorar som får eller kan få følgjer sjølv for dei mindre aktørane i norsk næringsliv. Meir enn ei av seks SMBar meiner auka kostnader på innsatsfaktorar og auka energiprisar vil hindre positiv utvikling dei neste 12 månadene.

Publisert: 24.01.2023 10:27

Sist oppdatert: 24.01.2023 10:30