NPK-NTB: Det er eitt år sidan IPS-ordninga tredde i kraft, men mange droppar å spare sjølv til sitt eige pensjonstilvære, ifølgje SpareBank 1.
– Eg trur folk vegrar seg for å binde pengane til pensjonsalder, seier Magne Gundersen, forbrukarøkonom i SpareBank 1.
Av dei over éin million kundane til SpareBank 1, har berre 15.000 kundar oppretta ein IPS-konto sidan den nye IPS-ordninga (individuell pensjonssparing med skattefordel) tredde i kraft 1. november i fjor, ifølgje eigne tal hos banken.
Det årlege sparebeløpet i IPS-ordninga kan vere opptil 40.000 kroner, mot 15.000 kroner i den førre ordninga. Pengane er bundne fram til pensjonsalderen og kan tidlegast utbetalast frå 62 år.
– Eg meiner uansett at alle i jobb må spare sjølv til pensjon. Det kan vere vanskeleg å sjå for seg pensjonisttilværet når ein er i tjueåra, men startar du tidleg har du gode moglegheiter til å verkeleg oppnå renteeffektar samtidig som du får draghjelp av fordelen med utsett skatt, seier Gundersen.
Ifølgje tala frå SpareBank 1, er det folk i Akershus og Rogaland som i snitt har spara mest i det året som har gått, med over 20.000 kroner spara i snitt i begge dei to fylka. Totalt er det ei overvekt av menn som har spara til pensjon gjennom IPS, og kvar mann sparar i snitt også meir enn kvinnene.

Publisert: 11.12.2018 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36