NPK-NTB: Fastrente freistar berre éin av ti nordmenn, sjølv om styringsrenta er på veg oppover.
I ei undersøking Norstat har gjort for Nordea, seier éin av ti at dei vurderer å binde renta på eitt eller fleire av låna sine i 2019.
Interessa for fastrente er størst i Oslo. Her svarer 11 prosent at dei vurderer å binde renta. I Midt-Noreg er delen berre 4 prosent, ifølgje undersøkinga. Den prosentdelen viser også at det er størst interesse for fastrente blant dei yngre. 15 prosent av dei spurde i aldersgruppa 30–39 år seier dei vurderer dette.
Torsdag heva Noregs Bank styringsrenta til 1,25 prosent, og varsla samtidig at den truleg vil stige meir gjennom året. Men Nordea fortel at dei ikkje har merka noka endring i talet på førespurnader om fastrente den siste tida.
– Historisk lønner det seg ikkje å binde renta, men det betyr ikkje dermed at det ikkje vil vere lurt å binde renta no. Har du ein sårbar økonomi som ikkje vil tole ein renteoppgang, kan du forsikre deg mot det og binde lånerenta, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun.

Publisert: 21.06.2019 07:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34