Kort fortalt
Får fiske meir torsk
Fiskeridirektoratet aukar torskekvoten.
23.03.2022
Maksimalkvoten på torsk nord for 62 grader blir auka med 3 tonn for alle fartøy i open gruppe.
Dette kjem fram av ei melding frå Fiskeridirektoratet.
Norges kystfiskarlag bad tysdag om ei slik utviding av kvoten.
Avgjerda gjeld frå onsdag 23. mars, men fisket på maksimalkvotane kan bli stoppa på kort varsel.
Publisert: 23.03.2022 15:43
Sist oppdatert: 23.03.2022 15:44