Får fiske meir torsk
Oppjusterer av kvoterådet for kysttorsk i nord.
Kvoterådet for kysttorsk for neste år er sett til 29.347 tonn. Norges Fiskarlag er nøgd med dette.
– Dette er eit grep som viser at observasjonar og innspel frå fiskarane er etterprøvd og funne å halde vatn av havforskarane. Vi er derfor godt nøgde med denne responsen, seier Fiskarlagets leiar Kåre Heggebø på organisasjonen sine nettsider.
Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) publiserte onsdag kvoterådet sitt for kysttorsk nord for 67 grader og 62-67 grader.
Ein har vore spent på rådet nord for 67 grader fordi bestanden har vore gjennom omfattande evalueringar i ICES-systemet og har mista MSC-sertifiseringa si. Eit MSC-sertifikat garanterer at fisken kjem frå eit berekraftig fiskeri.
For bestanden nord for 67 grader er kvoterådet frå ICES no 29.347 tonn, noko som representerer ein stor auke frå førre års kvoteråd på 7.865 tonn.
– Trass i auka kvote er det behov for strengare reguleringar, då kvoterådet er lågare enn den registrerte fangsten i 2021, seier bestandsansvarleg Johanna Fall i ei pressemelding frå Havforskingsinstituttet.
Kåre Heggebø er svært fornøgd med det grundige arbeidet forskarane ved Havforskingsinstituttet og ICES har lagt ned i kysttorskbestanden.
– Dette er ei viktig sak for kystfiskarane. No må vi heller ikkje gløyme kysttorskbestanden mellom 62-67 gradar. For denne bestanden er rådet 9.136 tonn for 2023. Denne har eit mindre datagrunnlag, men vi må også her vere sikre på at kart og terreng passar saman, seier Heggebø.
Kysttorsken mellom 62 og 67 grader nord har fått eit kvoteråd for neste år som er ein auke på 20 prosent frå rådet i fjor.
Auken kjem ifølgje Havforskingsinstituttet av at indeksen for bestandsstorleiken har auka dei siste åra.
Publisert: 16.06.2022 10:12
Sist oppdatert: 16.06.2022 10:13