Kort fortalt

Får millionar til sentrumsfornying

Fordelte pengar til åtte kommunar.

NPK
07.06.2023

(NPK): Åtte kommunar i Møre og Romsdal får seks millionar til sentrumsfornying. Pengeskjenkinga skal legge til rette for utbygging av for eksempel sjøfront og møteplassar.

Det er Smøla, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Ulstein og Herøy som får ekstra midlar å rutte med for å utvikle sentrum og tettstader. Tysdag fordelte Kultur-, næring- og folkehelseutvalet (KNF) dei 6 092 000 kronene, ifølgje Møre og Romsdal fylkeskommune.

Midlane er frå program for berekraftig by- og tettstadutvikling, som har som mål å utvikle meir attraktive og berekraftige byar og tettstadar i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen håpar meir attraktive byar og tettstader kan trekke arbeidskraft til regionen.

(©NPK)

Publisert: 07.06.2023 15:01

Sist oppdatert: 07.06.2023 15:01

Mer om